Meny
Dåp - hent skjema
Konfirmasjon - meld deg på
Vigsel - hent skjema
Finn oss på Facebook
Til Ettertanke

Den som skattar små lukkestunder, samlar solstrålar til dei tunge dagane i livet.

Kalender
01 Oktober
11:00 Gudsteneste, Dale Kyrkje
14:00 Gudsteneste, Hellevik Bedehuskapell
16:30 Gudsteneste, Guddal Kyrkje
08 Oktober
14:00 Gudsteneste, Folkestad Bedehuskapell
22 Oktober
11:00 Gudsteneste, Dale Kyrkje
29 Oktober
11:00 Gudsteneste, Hellevik Bedehuskapell
19:30 Gudsteneste, Dale Kyrkje
05 November
11:00 Gudsteneste, Dale Kyrkje
11:00 Gudsteneste, Folkestad Bedehuskapell
14:00 Gudsteneste i Guddal Kyrkje
19 November
11:00 Gudsteneste, Dale Kyrkje
26 November
11:00 Gudsteneste, Folkestad Bedehuskapell
14:00 Gudsteneste i Straumsnes Grendahus
01 Desember
17:00 Konsert, Dale Kyrkje
03 Desember
19:00 Gudsteneste i Dale Kyrkje

  Utskriftsvennlig side


Dale kyrkje i Fjaler
 

  Dale kirke vasspeil Dale kyrkje i Fjaler er ei romsleg kyrkje med plass til 550 menneske. Kyrkja er ei langkyrkje i tre frå 1864. Til 100 årsjubileet i 1964 vart kyrkja resaturert. Då vart tømmerveggane avluta, det vart lagt nytt golv og kyrkjebenkane vart utskifta. Koret er åttekanta men kyrkja har knapt våpenhus.

Også i Dale har det stått kyrkjer tidlegare. Første gongen vi finn Dale kyrkje nemnd i skriftlege kjelder, er i Bjørgvin Kalveskinn frå om lag 1350. Dette var truleg stavkyrkja som vart riven i 1593. Den førre kyrkja sto truleg frå 1594 til 1864. Årstalet 1594 står inngravert på den eldste kyrkjeklokka som heng i tårnet. 

Orgelet er frå 1983 og er eit veldig godt orgel bygd av Bruno Christensen. Elles har ein sidan 1996 fått installert brannalarm, elektrisk ringing og ny elektrisk hovudtavle. Ny kyrkjeløpar vart gjeven som gåve. Den eine lysekruna, som sidan 1964 hadde stått nedstøva og sund på eit loft, vart restaurert tilbake til det opphavelege med levande lys av Asbjørn Igelkjeøn. Den heng no mellom dei to med elektrisk lys og vert tent ved lysmesse og nokre kveldsarrangement i den mørke årstida.

Altartavla er frå 1864 måla av Anders Askevold og viser Jesu oppstode. I tillegg har kyrkja ei gamal altartavle frå 1620 som no heng på skrå framme i kyrkjeskipet.


Inventar

 Dale kirke - Altertavle  Dale kirke - Lysekrune  Dale kirke - Døpefont



Nettside: Fylkesleksikon

Nettside: Dale kyrkje meir

 

Se tidligere utgaver »
Den Norske Kyrkja
Søk i kirken.no:
  
Linkar
»
»
»
IKO
»
Kontaktinfo

Fjaler kyrkjekontor
Postboks 18
6961 Dale i Sunnfjord

Tlf: 57 73 97 70
E-post: kyrkjeverje@fjaler.kyrkja.no 

Klikk her: KONTAKT OSS
for adresser til alle tilsette

Bankkonto: 3741 07 14567

Vipps: 127523 Fjaler sokn

Kirkesøk
Kundepålogging

Brukarnamn:

Passord:

Å Herre, du har skapt oss til deg, og hjartet vårt er uroleg til det finn kvile i deg.
Augustin (354-430)
Copyright © 2015 Fjaler sokneråd. Powered by KWeb fra kirkedata.no