Meny
Dåp - hent skjema
Konfirmasjon - meld deg på
Vigsel - hent skjema
Finn oss på Facebook
Til Ettertanke

Den som skattar små lukkestunder, samlar solstrålar til dei tunge dagane i livet.

Kalender
28 Mai
11:00 Gudsteneste, Hellevik Bedehuskapell
04 Juni
11:00 Gudsteneste, Dale Kyrkje
19:30 Gudsteneste i Folkestad Bedehuskapell
05 Juni
11:00 Gudsteneste, Guddal Kyrkje
11 Juni
19:30 Gudsteneste i Dale Kyrkje
02 Juli
11:00 Gudsteneste, Dale Kyrkje
30 Juli
11:00 Gudsteneste, Dale Kyrkje
14:00 Gudsteneste, Korssundkrossen
13 August
11:00 Gudsteneste i Dale Kyrkje
20 August
19:30 Gudsteneste, Folkestad Bedehuskapell
27 August
11:00 Gudsteneste i Dale Kyrkje
14:00 Gudsteneste i Guddal Kyrkje
03 September
14:00 Gudsteneste, Straumsnes Grendahus
10 September
11:00 Gudsteneste, Folkestad Bedehuskapell
20:00 Konsert, Dale Kyrkje

MISJONSPROSJEKT

Fjaler støttar to misjonsprosjekt i regi av NMSLandsbyutvikling i Mali og Senter for gatebarn i Egypt.

 

Herren la sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig!
Herren lyfte sitt andlet mot deg og gje deg fred!

4 Mos 6,25-26

 


Konfirmant2018_CMYK.jpg
Til deg som er født i 2003

No er det tid for påmelding til konfirmasjon. Knut Arne har sendt ut informasjonsbrev, men sjølve påmeldinga skjer via denne lenkja: https://minkirkeside.no/Fjaler.  Du registrerer deg først med mobilnummer, så får du tilsendt ein kode som du tastar inn. Ha klart personnummer, telefonnr og e-post til konfirmanten og foreldra/føresette samt stad og dato for dåp før du begynner. Du får også spørsmål om du vil vere med i song/musikkgruppa og om du vil reservere deg mot publisering av namn og bilete. Vi oppfordrar foreldre/føresette og konfirmanten til å gjere dette saman. Du kan logge deg inn igjen seinare med same mobilnr. om du må endre eller leggje til noko. Treng du hjelp, kan du ringe oss på 57739771.



Les mer »
Konfirmantar 2017

Folkestad bedehuskapell 
Søndag 30. april kl.11.00
Ine Ulvik Fristad
Tobias Haugstad
Rebekka Sætrum Holt

Dale kyrkje 
Søndag 7.mai kl.11.00
Elias Myklebust Birkeflet
Martin Øverås Birkeland
Josefine Hove Bråtane
Marie Høgseth Felde
Ida Sofie Markkanen Hauge
Vilde Haugsbakk
Hedda Helle
Ruben Straume Holm
Fredrik Mikal Stenseth Jenssen
Adrian Bjørvik Myklebust
Mass Olav Myklebust
Torgeir Asperheim Myklebust
Ivar Nistad
Anders Nyland
Ronja Sande Rennestraum
Ailin Solheim Solvik
Jakob Kyrkjebø Strand
Synnøve Solheim Valvik
Tor-Magnus Øverås

Guddal kyrkje 
Søndag 14. mai kl.11.00
Ida Helen Yndestad Hovlandsdal
Oline Kristine Ødemark



Les mer »
konfirmantar_Bild_66.jpg
Livets_tre_ElisabethMoseng.jpg
Påskevandring

Påskevandring for 3.klassingane frå Dale og Flekke blir i år laurdag 22. april kl.10.30-12.00 i Dale kyrkje. Då går vi igjennom hendingane frå palmesøndag til påsketida. Her får ein både smake, kjenne, sjå og høyre litt om korleis Jesus og disiplane opplevde desse spesielle dagane. Utdelinga av påskeboka skjer i gudstenesta i Dale kyrkje søndag 23. april kl.11.00. Velkommen til påskevandringa! 

Invitasjonane blei sendt i posten før påske! Vi sender brev til dei som står oppførde i medlemsregisteret til Den norske kyrkje, både medlemar og tilhøyrande. Har du ikkje fått innbyding, er du hjerteleg velkomen likevel. Barn i Våge og Guddal krinsar vil få tilbud om påskevandring neste år.

Lurar du på dette med barn, medlemskap og tilhøyrsel, kan du lese meir her.



Les mer »
Ledige stillingar: Guddal

Kyrkjetenar og kyrkjegardsarbeidar i Guddal
Stillingane kan med fordel kombinerast. 
Ta kontakt med kyrkjeverje Irene Fløde – tlf 99238420.

Kyrkjetenar ved Guddal kyrkje
Allsidig arbeid. Ansvar for reinhald og tilrettelegging av kyrkja til kyrkjelege handlingar. Oppfølging av HMT og enkle vedlikehaldsoppgåver.

Kyrkjegardsarbeidar ved Guddal gravplass
Drift og vedlikehald av gravplassen og tilhøyrande utstyr - inkludert snørydding ved kyrkjelege arrangement. Arbeid som klipping av gras, jamning og tilsåing av graver m.m. 


Les mer »
Guddal kyrkje
Folkestad-kapell_inne.jpg
Ledige stillingar: Folkestad og Hellevik

Kyrkjetenar og kyrkjegardsarbeidar i Ytre Fjaler 
Stillingane kan med fordel kombinerast. 
Ta kontakt med kyrkjeverje Irene Fløde – tlf 99238420.

Kyrkjetenar ved Folkestad kapell og Hellevik kapell 
Begge kapella i ytre Fjaler er privateigde, og Fjaler sokn er leigetakar. Tilsyn og lett vedlikehald ligg såleis ikkje til stillinga.

Gravplassarbeidar ved Folkestad og Hellevik gravplass
Drift og vedlikehald av gravplassen og tilhøyrande utstyr - inkludert snørydding ved kyrkjelege arrangement. Arbeid som klipping av gras, jamning og tilsåing av graver m.m. 





Les mer »
solidaritetskonsert_2017_web.jpg
Solidaritetskonsert

Tysdag 4. april inviterte ungdom i Fjaler til konsert til inntekt for fasteaksjonen.

Konserten avslutta fasteaksjonen med song frå Ungdomskoret, Kulturskulen og UWC-elevar. Knut Arne informerte om fasteaksjonen, og vi tok opp kollekt til denne gode saka. Målet er reint drikkevatn til alle innan 2030. Kvelden blei avslutta med pizzaboller, saft og ein hyggeleg prat bak i kyrkja.

Klikk her for å sjå fotoalbum på Facebook.


Les mer »
Fasteaksjon_Fjaler_2017.jpg
Ja vi elskar dette vatnet!

DØR-TIL-DØR-AKSJON i Fjaler 
Søndag 2. april - tysdag 4. april

Vatn både gjev og tek liv

Akkurat no er det ei kritisk tørke i fleire afrikanske land. Over 660 millionar menneske må drikke ureint vatn.

Det er i kriser at tilgangen til vatn er ekstra kritisk. Om det vert bygd brønnar i vanlege tider, så er det fleire menneske som får tilgang til reint vatn når ei tørkekrise slår inn, slik den gjer i Somalia, Sør-Sudan og landa rundt Tsjadsjøen akkurat no.

Kirkens Nødhjelp jobbar alle desse stadane, og i fjor fekk organisasjonen inn 34 millionar kroner under sin fasteaksjon. Pengane sørger for at mange tusen menneske får tilgang til reint drikkevatn, og på den måten reddar menneskeliv.

Også i år vil vi i kyrkjelydane i Fjaler gjennomføre ein dør-til-dør-aksjon på aksjonsdagen til Kirkens Nødhjelp.  Størsteparten av dei som går er konfirmantar, men også andre bøsseberarar deltek i aksjonen.

I år vert dør-til-dør-aksjonen søndag til tysdag, 2.- 4. april.  Vi avsluttar med Solidaritetskonserten i Dale kyrkje tysdag 4. april kl.20.00  

Vi oppmodar alle til å ta godt imot bøsseberarane våre!  Ha kontantar klar.  Ditt bidrag er veldig viktig! 


Les mer »
 
Fasteaksjon_Fjaler_2017.jpg
Gratulerer med ein flott fasteaksjon!

Det kom inn kr.47 636 på bøssene, kr.1 000 på Vipps/SMS og kr.1 795 i kollekt på solidaritetskonserten. 
Prognosen for kyrkjelydane i heile Norge er 35 millionar kroner!
Kvar Fjalerbu ga i gjennomsnitt kr.17,68. Landsgjennomsnittet er kr.4,98 per person.
Takk til alle som gjekk med bøsse og alle som ga pengar!

Resultat i Fjaler

Resultat heile Norge


Les mer »
Paaskegudstenester_i_Fjaler_2017_web.jpg
Velkomen til påskegudsteneste!

Skjærtorsdag 13. april
Folkestad bedehuskapell kl.19.30
Gudsteneste. Offer til Strømmestiftelsen.

Langfredag 14. april
Dale kyrkje kl.19.30
Pasjonsgudsteneste. Solosong "Pie Jesu" v/ Joy Taylor.

Påskedag 16. april
Dale kyrkje kl.11.00
Høgtidsgudsteneste med musikkinnslag ved Cantus og Reidun Porten (kornett) med songsolistar Erlend Ona Gjul (bariton), Ragnhild Stav (sopran), Runhild Øvreås (sopran) og Leif Gunnar Igelkjøn (Elvis). Offer til Strømmestiftelsen.

Guddal kyrkje kl.16.00
Høgtidsgudsteneste med Guddal familiekor. Offer til Strømmestiftelsen. Kyrkjekaffi.

2. påskedag 17. april
Fjaler Sjukeheim kl.11.00
Gudsteneste.

Søndag 23. april
Dale kyrkje kl.11.00
Barnas påskegudsteneste. Utdeling av påskebok til 3. klasse. Offer til IKO - Kirkelig pedagogisk senter. Kyrkjekaffi.


Les mer »
 

Se tidligere utgaver »
Den Norske Kyrkja
Søk i kirken.no:
  
Linkar
»
»
»
IKO
»
Kontaktinfo

Fjaler kyrkjekontor
Postboks 18
6961 Dale i Sunnfjord

Tlf: 57 73 97 70
E-post: kyrkjeverje@fjaler.kyrkja.no 

Klikk her: KONTAKT OSS
for adresser til alle tilsette

Bankkonto: 3741 07 14567

Kirkesøk
Kundepålogging

Brukarnamn:

Passord:

Å Herre, du har skapt oss til deg, og hjartet vårt er uroleg til det finn kvile i deg.
Augustin (354-430)
Copyright © 2015 Fjaler sokneråd. Powered by KWeb fra kirkedata.no