Meny
Dåp - hent skjema
Konfirmasjon - meld deg på
Vigsel - hent skjema
Finn oss på Facebook
Til Ettertanke

Den som skattar små lukkestunder, samlar solstrålar til dei tunge dagane i livet.

Kalender
22 September
19:00 Gudsteneste i Folkestad Bedehuskapell
29 September
11:00 Gudsteneste, Guddal kyrkje
14:00 Gudsteneste, Hellevik bedehuskapell
16:30 Gudsteneste, Dale kyrkje
06 Oktober
11:00 Gudsteneste i Dale Kyrkje
14:00 Gudsteneste i Folkestad Bedehuskapell
20 Oktober
11:00 Gudsteneste i Dale Kyrkje
14:00 Gudsteneste i Folkestad Bedehuskapell
27 Oktober
14:00 Gudsteneste, Straumsnes grendahus
19:30 Konsert, Dale kyrkje
03 November
11:00 Gudsteneste, Dale kyrkje
11:00 Gudsteneste, Folkestad bedehuskapell
14:00 Gudsteneste i Guddal Kyrkje
17 November
11:00 Gudsteneste, Dale kyrkje
24 November
11:00 Gudsteneste, Guddal kyrkje

 

Herren la sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig!
Herren lyfte sitt andlet mot deg og gje deg fred!

4 Mos 6,25-26

 


daap_DSC07821.jpg
Velkomen til dåp!

Eit felles ja
Dåpen er Guds gåve. Det er ei ja-handling. Og først og fremst er det Gud som seier ja. Heilt frå første dag har Gud sagt ja til barnet. Gud elskar alle, alltid og utan atterhald.

Og foreldre og fadrar seier ja. Ved døypefonten svarar de ja til at den vesle skal høyre til kyrkja og vekse opp med den kristne trua. De seier ja til å lære barnet om trua og kva trua har å seie for livet. Men dette står de ikkje åleine om.

For kyrkja seier òg ja. Når barnet blir døypt, blir det medlem i Den norske kyrkja og ein del av fellesskapet i kyrkjelyden der de bur. Barnet vil jamleg få tilbod om å lære meir om kyrkja og trua, tilpassa alderen. Kyrkja seier ja til å inkludere barnet dykkar i trygge og gode aktivitetar der det blir kjent med Gud, seg sjølv og andre. Gjennom dåpen blir vi alle ein del av eit fellesskap som strekkjer seg over heile verda og gjennom alle tider. Det er ein augneblink som varer lenge.

Ta kontakt med kyrkjekontoret ved å sende epost til kyrkjesekreter@fjaler.kyrkja.no eller ringe 57739770 for å avtale dato eller for å få vite meir om dåp.




Les meir »
Fjaler sokneråd 2019-2023

Faste medlemmer
Terje Roald Halsnes
Trude Gjeitanger Høgseth Felde
Elin Skår
Liv Sandsund
Sølvi Ann Solheim Løkkebø
Vibeke Mandelid
Solveig Nitter
Merete Myromslien

Varamedlemmer
Lena Therese Solheim
Christer Yndestad
Hans Stav
Bente Synnøve Sæterdalen Solheim

Som de ser er det blitt ein del endringar i høve nominasjonskomiteen si liste. Det var 445 som stemte og 311 nytta høvet til å rette stemmesetelen. Valdeltakinga var 24%.
Vi vil takke alle som røysta, alle som stilte opp i stemmestyre og teljekorps, og ikkje minst - vi vil takke og gratulere dei nye soknerådsmedlemmer og varamedlemmene!

Kirkevalget_2019_RGB_nynorsk.png
kyrkjevalet_pil_venstre.jpg
Valdagane

Kyrkjevalet skjer samtidig med kommune- og fylkestingsvalget i lokale like ved.

Søndag 8. september 
DINGEMOEN valkrins:
kl.16.00-19.00
Fjaler bibliotek, Dale.

Måndag 9. september
DINGEMOEN valkrins
kl. 09.00-20.00
Fjaler bibliotek, Dale.

BAKKEBØ valkrins
kl.12.00-18.00
Straumsnes Grendahus.

FLEKKE valkrins
kl.12.00-18.00
Flekke skule

GUDDAL valkrins
kl.12.00-18.00
Guddal skule

HELLEVIK valkrins
kl.12.00-18.00
Hellevik barnehage

VÅGE valkrins
kl.12.00-18.00
Våge skule

Di stemme tel i Kyrkjevalet

Er du ein av dei 3,7 millionane som er medlem i Den norske kyrkja? Då er stemma di viktig i Kyrkjevalet! Når du stemmer, gir du ein tommel opp til den lokale kyrkjelyden din, og du er med på å bestemme kven som skal leie den framover.

Korleis hadde lokalsamfunnet vårt sett ut utan kyrkja? Korleis ville landet vårt vore utan ei folkekyrkje? Kyrkja er til stades over alt i Noreg. Den tek del i kvardagsliva våre og ved større og mindre hendingar i livet. I sorga og festen, i trøysta, songen, leiken og gleda. Kyrkja er open for alle, frå vogge til grav. Kyrkja har rom for deg! 

Korleis vil du at kyrkja skal vere? Ved Kyrkjevalet 8.-9. september har du høve til å påverke: På same tid som det er val til og kommunestyre og fylkesting og i eit vallokale like ved, kan du også stemme fram kven som skal leie kyrkja på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå.

Førehandssrøysting
Du kan også stemme på førehand frå 10. august til 6. september på Fjaler kyrkjekontor. Opningstid for førehandsrøysting blir tysdag og onsdag kl. 10.00- 14.00, fredag kl.10.00 – kl.12.00. Du kan førehandsrøyste i eit anna sokn enn der du står i manntalet fram til 2. september.

Det blir førehandsrøysting på Fjaler sjukeheim mandag 2. september.


To val ...


Les meir »
kyrkjeval_2019_stemmeseddel_urne_web.jpg
DNK_logo2020_horisontal.jpg
Påmelding til konfirmasjon

No er det tid for påmelding til konfirmasjon. Knut Arne har sendt ut informasjonsbrev, men sjølve påmeldinga skjer via denne lenkja: https://minkirkeside.no/Fjaler.  Du registrerer deg først med mobilnummer, så får du tilsendt ein kode som du tastar inn. Ha klart personnummer, telefonnr og e-post til konfirmanten og foreldra/føresette samt stad og dato for dåp før du begynner. Vi oppfordrar foreldre/føresette og konfirmanten til å gjere dette saman. Du kan logge deg inn igjen seinare med same mobilnr. om du må endre eller leggje til noko. Treng du hjelp, kan du ringe oss på 57739771.
Barn_sirkel_ElisabethMoseng.jpg
Påskevandring

Vi minner om påskevandring for 3.-klassingane i Dale og Flekke.
Det blir samling i Dale kyrkje torsdag 25. april kl 11.45-13.15, og gudsteneste med utdeling av påskebok søndag 28. april kl 14.00 i Dale kyrkje.  Det er berre å melde seg på til Knut Arne, tlf. 908 55 230.  Vel møtt!
Her er lenka til invitasjonsbrevet.
fasteaksjon_lokal_annonse_2019.jpg
Konfirmantane kjem!

Tidlegare i år kunne ein lese i ei avisoverskrift om at Noreg kanskje i år 2050 ville vere det einaste landet i verda med reint drikkevatn. Uansett er dette tankevekkande informasjon.

I årets fasteaksjon fortset vi å seie: «Ja, vi elskar dette vatnet», fordi vi veit at reint vatn er livsviktig og heilt avgjerande for all utvikling. Dei siste åra har vi sett at det har skjedd ein positiv utvikling i mange land. Det er færre som lever under fattigdomsgrensa, og fleire har fått tilgang til reint vatn, men om vi skal ha håp om å nå utviklingsmåla som verdas politikarar har blitt einige om, må vi heile tida fortsetje å kjempe for denne viktige saka.

Kyrkjelydane i Fjaler vil vere med på dette, og gjennomfører ein dør-til-dør-aksjon på aksjonsdagen til Kirkens Nødhjelp – i veka før palmesøndag. Størsteparten av dei som går er konfirmantar, men også vaksne bøsseberarar deltek i aksjonen.

I år vert dør-til-dør-aksjonen søndag til tysdag, 7.-9. april. Vi avsluttar med Solidaritetskonserten i Dale kyrkje tysdag 9. april kl.20.00 

Vi oppmodar alle til å ta godt imot bøsseberarane våre! Ditt bidrag er veldig viktig! 

Du kan også gje med Vipps til 2426 (velg kjøp og betal)
eller med SMS "VANN" til 2426 (200kr).
 
Kirkevalget_2019_dato_RGB_nynorsk.png
Kven vil du skal styre kyrkja?

Valliste til soknerådsval 8.-9. september 2019

1. TERJE ROALD HALSNES
2. TRUDE GJEITANGER HØGSETH FELDE
3. LENA THERESE SOLHEIM
4. VIBEKE MANDELID
5. CHRISTER YNDESTAD
6. BENTE S SÆTERDALEN SOLHEIM
7. SOLVEIG NITTER
8. LIV SANDSUND
9. HANS STAV
10. ELIN SKÅR
11. MERETE MYROMSLIEN
12. SØLVI ANN SOLHEIM LØKKEBØ

Det skal veljast 8 medlemmer og resten blir varamedlemmer.

Nominasjonskomiteen sine kandidatar er sette opp på vallista i prioritert rekkefølge. 
Du kan levere stemmesetelen utan endringar. Alle kandidatane på stemmesetelen får då ei stemme kvar.
Du kan gje ei tilleggsstemme til inntil tre kandidatar på lista.
Kandidaten får då to stemmer.

Sjå meir om kandidatane her.
Paaskegudstenester_i_Fjaler_2019_copy.jpg
Velkomen til påskegudsteneste!

Skjærtorsdag 18. april 
Guddal kyrkje kl.19.30

Gudsteneste. Offer til Strømmestiftelsen.

Langfredag 19. april
Hellevik bedehuskapell kl.11.00
 
Gudsteneste. Lesing av Jesu lidingssoge, salmesong og bøn.

Dale kyrkje kl.19.30 
Gudsteneste. Lesing av Jesu lidingssoge, salmesong og bøn.

Påskedag 21. april
Dale kyrkje kl.11.00
 
Høgtidsgudsteneste med Cantus. Offer til Strømmestiftelsen.

Folkestad bedehuskapell kl.19.30 
Høgtidsgudsteneste. Miniorgelkonsert kl.19.15 med musikk av Handel. Offer til Strømmestiftelsen.

2. påskedag 22. april
Fjaler Sjukeheim kl.11.00
 
Gudsteneste.
 

Kyrkjeblad og årsmeldingar »
Den Norske Kyrkja
Søk i kirken.no:
  
Dagens bibelord
Kontaktinfo

Fjaler kyrkjekontor
Dalstunet
Dalsvegen 105A
6963 Dale i Sunnfjord

Tlf: 57 73 97 70
E-post: kyrkjeverje@fjaler.kyrkja.no 

Alle tilsette

Bankkonto: 3741 07 14567

Vipps: 127523 Fjaler sokn
Vipps: 557133 Kyrkjeblad

Obs! Minnegåver ved gravferd bør sendast direkte til mottakaren - kontonummeret står ofte i dødsannonsen. 

Kirkesøk
Kundepålogging

Brukarnamn:

Passord:

Å Herre, du har skapt oss til deg, og hjartet vårt er uroleg til det finn kvile i deg.
Augustin (354-430)
Copyright © 2015 Fjaler sokn. Powered by KWeb fra kirkedata.no